page view image

Teater: B. Dybwad Brochmanns forsvarstale // Frilund ungdomshus

- Stortingsmann, pasifist, anti-nazist og gartnar, dømt for landssvik

Information
event image

« Kan krig avverges ved at krigsårsakene videnskapelig klarlegges?

Jeg er ganske forvisset om at alle i denne sal er enig i at situasjonen i øyeblikket er kritisk over hele verden, og at alt tyder på at vi langsomt og sikkert går mot en ny verdenskrig, samtidig som vi går ut fra at de forskjellige nasjoner som kommer opp i en sådan krig, aldeles ikke ønsker å komme der.»

B. Dybwad Brochmann Stortinget 1939

Året er 1947, og Bertram Dybwad Brochmann er tiltalt for landssvik. Saka står i Voss heradsrett, og Brochmann må forklare seg framføre domstolen.

Basert på stenografiske referat, rettsdokument, Brochmanns eigne tekstar og talar framsynar skodespelar Kyrre Eikås Ottersen ein monolog av Torkil Sandsund som tar ein tilbake til store dilemma i mellomkrigstida og under 2. verdskrig.

Brochmann satt på Stortinget frå 1933–1936 og var en kjent og aktiv samfunnsøkonom, folketalar, forfattar politikar og gartnar frå Bergen i mellomkrigstida. Han advarte sterkt mot nazismen i oppbygninga til 2. verdskrig, men i krigens første dagar kom Brochmann med fleire ytringar som var tyskvennlege og kritiske mot England.

B. Dybwad Brochmanns forsvarstale er laga av Fjaler Turnéteater, eit teater som er etablert for å produsere og presentere ny scenekunst i bygder og grendehus, like mykje som i byar.

– Eg vil fortelle denne historia no sidan den reflekterer pasifistens dilemma i opptrapping til krig, og fordi det er så mange parallellar mellom vår tid og tida før 2. verdskrigen, til dømes i høve samanheng mellom økonomi og krig. Denne mannen var i si tid ei viktig stemme frå Bergen, men historia gløymde han etter landsvikdommen, fortel regissør Torkil Sandsund som er primus motor i Fjaler Turnéteater.


Medverkande

· Torkil Sandsund dramatisering, regi

· Marianne Solberg dramaturg

· Kyrre Eikås Ottersen skodespelar

· Frida Noris Kveane suffli, teknikk

· Turné med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Hordaland.


Spelestadar:

26.mai- Festspillene i Bergen – v/ Vestnorske teater kl. 17.30 og kl. 20.00

27. mai- FA Klokkarvik -Tælavåg museet (Nordsjøfartsmuseet) Kl. 19.00

28. mai -FA Førde- Teater Vestland Scene 2 Kl. 19.00

30. mai -FA Svanøy-Svanøy Kl. 18.00

31. mai FA Askvoll-Rivedal Grendehus kl. 16.00

3. juni- Lærdal- Frilund ungdomshus 17.30

4. juni- Voss -Gamle kinoen kl. 18.30

5. juni Eksingedalen -Ljosheim grendehus Kl. 20.00