BLAFF
Blaff er ei danseførestilling, eit sjelemaraton, ei legende om upåfallande menneske. Førestillinga handlar om korleis bakgrunnsfigurar og skjebnar med knappe ettermæle kan takast fram og det er teken utgangspunkt i spora etter husmansslekter.
Tre dansarar arbeider, knyter seg saman og rekk oppatt, medan musikk og tekst blir vevd inn. Til grunn for prosjektet ligg ein fascinasjon for alt levd og svunne, tid, død og arbeid med hendene som noko intergenerasjonelt, som noko som både knyt oss saman og skil oss som menneske.
Koreografi og tekst: Berit Einemo Frøysland
Dans: Karen Eide Bøen, Synne Erichsen, Noelle Elyza Guinoo Deriada
Musikk: Øyvind Hegg-Lunde
Lys: Randiane Aalberg Sandboe
Kostyme: Zofia Jakubiec
Stemme-innlesing: Reidun Melvær Berge
Dramaturgi/sceneinstruktør: Ingrid Askvik
Produsent: Syv mil v/Ingrid Saltvik Faanes
Ko-produsentar: Teaterfestivalen i Fjaler, PreForm AS, BiT Teatergarasjen, Proscen, SPRANG, Lærdal Kulturhus, Det Vestnorske Teateret
Støtta av: Kulturrådet (Fri scenekunst prosjektstøtte - dans, Komposisjon og produksjon), Fond for lyd og bilde, Bergen Kommune, FFUK
Fotograf: David Zadig