page view image

Susanna synger Gunvor Hofmo, med Harald Lassen // Lærdal kulturhus

I samband med utstillinga «Gal og genial?» inviterer Lærdal kulturhus til ein unik konsert der Susanna Wallumrød tolkar dikta til Gunvor Hofmo – ei av dei mest særmerkte stemmene i norsk lyrikk.

Information
event image

Både Gunvor Hofmo og Hans Gjesme hadde lange opphald ved Gaustad psykiatriske sjukehus, på same tid, men utan å kjenne kvarandre, så vidt me veit. Hofmo var innlagd frå 1964 til 1975, ei tid prega av stillheit og indre kamp, medan Gjesme var tvangsinnlagd frå 1955 til 1971 og måla i det stille. Der Hofmo uttrykte seg gjennom ord, formidla Gjesme si verd gjennom pensel og fargar.

Konserten og utstillinga løftar fram to kunstnarar som begge fann kraft og uttrykk i det indre mørket – og som i dag gir oss eit sterkt møte med kunsten si evne til å synleggjera det menneskelege.


“Svært vakker symbiose mellom tekst, melodi og instrument.” Morgenbladet

I over tjue år har Susanna spelt konsertar i inn og utland, og utgitt 19 album. Eit av prosjekta Susanna Wallumrød har gjort er “Eg vil heim til menneska” med tonesette dikt av Gunvor Hofmo. I samband med Hofmos 100-års jubileum i 2021 gav ut Susanna demoane til albumet som kom for ti år sidan, og for tida framfører Susanna songane laga av Gunvor Hofmos dikt i duo saman med saksofonist Harald Lassen. I januar 2026 speler dei på Lærdal kulturhus.


“- ein kraftig, nydeleg og vond plate som også bør gi Hofmos dikting fortent renessanse.”

Terningkast 5 Dagsavisen

 “- Susanna frå The Magical Orchestra har løfta fram Gunvor Hofmos mørke, lengselsfulle poesi til eit større publikum. Ikkje berre det, Susanna Wallumrød har gjort fleire av dikta til nydelege songar.”

Terningkast 5 Bergensavisen

 “- Når ein gir seg i kast med dikta til ein så markant lyrikar, bør første bod vera at ein fangar stemninga i dikta og fører vidare dei i musikken. Det gjer Wallumrød, ofte med «dyster glans».”

Terningkast 5 Dagbladet

Saksofonist og multiinstrumentalist Harald Lassens fargerike nærvær i norsk jazz++ det siste tiåret har ikkje gått upåakta forbi. “Jazz med ei anna form og farge. Musikk som berre kan komma frå eit fritt og ope sinn.” skreiv internasjonal presse då det Spellemann-nominerte albumet “Human Samling” kom ut i 2020. Han vann Spellemannprisen i Jazz for sitt personlege og svært kritikarroste fjerde-album “Balans” i 2024, og er for tida aktuell med den nye utgivinga “RIK”.

I 2024 markerte Susanna sitt tjueårsjubileum som plateartist med nytt samarbeid med Oslo Sinfonietta og utgiving av sitt nittande album “Meditations on Love”, begge deler til strålande omtalar. Vokalisten og multiinstrumentalisten er ein eineståande skikkelse i den moderne norske musikk-røyndommen. Ho er ein heilt særeigen tolkar av låtmateriale, biletkunst og poesi, som på kritikarroste Baudelaire & Orchestra, i tillegg til å vera ein komponist med stadig veksande konseptuelle visjonar. Personlege tolkingar av Joy Division, AC/DC, Dolly Parton og Henry Purcell, i tillegg til eigne sterke originalsongar, samarbeid med Bonnie ’Prince’ Billy, Jenny Hval, Ensemble neon og Carte Blanche, har gitt henne eit breitt publikum, men også fire Spellemannpriser, Edvard-prisen og Radka Toneff Minnepris.

Ansvarsfriskrivning

Med atterhald om endringar. Ved avlysing av konserten vert billettar refundert.