page view image

Forfattarbesøk av Jørgen Jæger med visning av dei to fyrste episodane av Mord i Sogn

Bli med på krimkveld i Lærdal kulturhus! Måndag 23. mars viser me dei to fyrste episodane av påskekrimen Mord i Sogn. I tillegg får me besøk av krimforfattar Jørgen Jæger, som kjem for å snakka om forfattarskapen sin – og vegen frå boksuksess til tv-serie.

Information
event image

Jørgen Jæger er ein av Noregs mest populære krimforfattarar. Den ferskaste boka hans, Narrespill (2025), er bok nr. 15 om Ole Vik og Cecilie Hopen, og Jæger har passert 1,4 millionar selde bøker i Noreg.


Før forfattarpraten viser me fyrste episode av den nye TV 2‑serien Mord i Sogn. Etter praten viser me episode 2. Serien har Kristofer Hivju i hovudrolla som Ole Vik og er spelt inn i Lærdal, Balestrand og Årdal med Sognefjorden som ei spektakulær kulisse. Serien har premiere på TV2 26. mars.


Tidsplan:

Kl. 17.30 Episode 1: Me opnar kvelden med fyrste episode av Mord i Sogn.

Kl. 18.30 Forfattarprat: Jæger fortel om vegen inn i krimmen og møtet med lesarane – «Det byrja med ein draum».

Kl. 19.30 Episode 2: Me rundar av kvelden med andre episode av Mord i Sogn.  

Restriktioner

Arrangementet har 12-årsgrense.

Ansvarsfriskrivning

Endringar i programmet kan forekomma. Billettar vert kun refundert om arrangør avlyser arrangementet.