SAU - film og førprat

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Program:

kl. 18.00: Introduksjon ved Lærdal sau og geit.

kl. 18.10: Førprat med Rebekka Nystabakk og Anna Blix

ca. kl. 19.00: Dokumentarfilmen Sau


Om filmen

Sau handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifte til neste generasjon, frå far til dotter. Filmen er eit varmt og nært portrett av ein familie. Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finne sin eigen veg i nokon andre sine fotspor. Og den handlar om sau! 


Før framsyninga inviterar Lærdal bibliotek, Lærdal Sau og geit, Lærdal kino og Rom for ord til førprat med regissør Rebekka Nystabakk og forfattar Anna Blix. 


Rebekka er utdanna skodespelar og vaks opp på garden Nystabakken i Nordland. Menneska me møter i filmen er hennar familie. Anna er biolog, forfattar og politisk rådgjevar. I 2018 gav ho ut boka «En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet». Ho er oppteken av å forstå og formidle samanhengane i naturen, til dømes korleis beitedyra påverkar både landskapet, klimaet og det biologiske mangfaldet i fjella og dalane våre slik me kjenner dei


Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: 9 år
Lengde: 1 t. 23 min + førprat
Kr. 80/120,-

Organizer
Lærdal Kulturhus/Lærdal Kommunale Kino