Lag din eigen stjernekikkert - verkstad for born

Arrangementsinformasjon

Papir, teip, og tre par lesebriller er det som skal til for å byggje ein stjernekikkert som kan sjå krater på månen, Jupiter sine fire måner, og mykje meir! Gjer-det-sjølv-kikkerten er utvikla av Matias Askvik, og verkstaden er utvikla i samarbeid med Norsk Teknisk Museum. Verkstaden har reist landet rundt, og Matias har bygd hundrevis av kikkerter saman med born. Kanskje kan ein slik kikkert inspirere til å bruke litt meir tid under stjernehimmelen?


OBS: Arrangementet er på Lærdal folkebibliotek


  • Verkstad kl. 17.00 og kl. 18.00 - hent ut gratisbillettar på det tidspunktet du ynskjer.
  • Kun 6 plassar per verkstad. Passer for born i alderen 6-12 år
  • Dersom det er stjerneklart vil me bruke litt tid etter kvar økt til å sjå på stjernene, så ta med varme klede.
  • Dersom ein har gamle lesebriller kan ein ta dei med, så ser me om me kan lage ein unik kikkert av dei, men me har ellers briller nok til alle.

Restriksjoner

Me følger vanlege smittevernsreglar. Hald avstand, nytt antibac som er tilgjengeleg i lokalet. Alle får eige utstyr slik at de slepper å dele. Hald deg heime dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon.

Ansvarsfraskrivelse

Arrangementet kan verte avlyst på kort tid etter smittesituasjonen i kommunen