Solidaritetskonsert for Gaza i Lærdal
Solidaritetskonsert for Gaza i Lærdal
Situasjonen for innbyggjarane på Gaza blir verre, dag for dag. Over 30.000 er drepne, og meir
enn 70 % av dei er kvinner og barn. Langt fleire er skadde og sakna. Sjukehusa i Gaza er
knuste til ruinar, så sjuke og skadde er utan moglegheit til å få helsehjelp. I tillegg blir svolt
brukt som våpen mot palestinarane. Nauda er ufatteleg, og behovet for hjelp er enormt.
Lærdal er vennskapskommune med Jeriko i Palestina, og lærdølene går no saman i ein brei
dugnad for å samla inn pengar til helsehjelp til Gaza. 1. mai kl. 19 blir det ein stor
solidaritetskonsert i Hauge kyrkje. Der bidreg eit mangfald av musikarar både frå Lærdal og
nabobygdene, og vi vonar både lærdølene og andre sogningar går mann av huse og fyller
Hauge kyrkje denne kvelden, seier Kristen Olav Grøttebø og Anna Avdem, to av dei som står
bak dugnaden. På konserten bidreg kor og korps, Longhorn og spelemannslag, og ikkje minst
ei rad framståande enkeltartistar. Bak arrangementet står alle politiske partia, kyrkja og fleire
andre organisasjonar i Lærdal.
Billettinntektene og andre gåver som kjem inn i samband med konserten, går uavkorta til
NORWAC, ein norsk humanitær organisasjon som arbeider med helsehjelp i Palestina og for
palestinske flyktningar i Midtausten. Dei er inne i Gaza no, og dei sender stadig sine
helseteam inn dit med livreddande medisin og utstyr.
Billettar til konserten kjøper ein på førehand på TicketCo eller ved inngangen. Ein kan også
gje gåver til NORWAC på Vipps. Hjelpa frå Lærdal er kanskje berre ein dråpe i havet, men
viss mange nok bidreg, blir det mykje meir enn ein dråpe og dess fleire får hjelp, avsluttar
arrangørane optimistisk.