page view image

Frivilligkveld med pizzabuffet

Alle er velkomne og det er gratis inngang, men ein må skaffa seg billett i framkant.

Informasjon
event image

Lærdal kommune har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til å utforma ein frivilligpolitikk. Det handlar om å finna ut kva som skal til og kva kommunen kan gjera for at organisasjonslivet står sterkt også i framtida. Arbeidet startar med Frivilligkveld i kultursalen onsdag 23. april.

Utdrag frå programmet:

- Sogn Avis-redaktør Arve Uglum snakkar om det å ikkje vera ein keisam plass. 

- Gratis pizzabuffet på Laksen bakeri & kafé 

- Diskusjon i grupper og innspel frå publikum: Kva er viktig for å halda det frivillige engasjementet høgt i Lærdal?