SINIKKA LANGELAND & ERLEND APNESETH

Hardingfele møter kantele i Gamlebanken på gamle Lærdalsøyri

page view image
Event date

Wednesday 27 Nov 2024 19:00

Ends Wednesday 27 Nov 2024 20:00
order

Available items

Ordinær
Ungdom (opp til 25 år)
event image

Event information

Velkomen til ein konsert med dei to fabelaktige musikarane Sinikka Langeland og Erlend Apneseth; ho meister på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, og han på vårt eige nasjonalinstrument, hardingfela. Dei er begge både musikarar og komponistar som vandrar mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sinikka Langeland er mellom anna kjend for sine tolkingar av eldgamle runesongar og folkemusikk frå Finnskogen, og for tonesetjing av Jon Fosse-tekstar. Erlend Apneseth sitt utgangspunkt er den lokale folkemusikktradisjonen på Jølster og Vestlandet. Dei er begge opne for nye uttrykk og nye samarbeid, og finn stor glede i å utfordre kvarandre og utforske samklangen mellom kantelen og hardingfela.

Konserten er ein del av Førdefestivalen sin VestaFolk-prosjekt, og har støtte frå Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Her kan du lese meir om musikarane:

www.sinikka.no

www.erlendapneseth.com

Waiver

Lokalet er ikkje universelt utforma, då det er trapp opp i andre etasje der konserten skal vere.

Organizer
Lærdal Kulturhus/Lærdal Kommunale Kino