Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det)
Velkomen til eit operashow du aldri har sett maken til!
Me tek deg gjennom 400 år med operahistorie på kun 60 minuttar (om me rekk det).
Vi har plukka ut alle operagodbitane, og laga ei framsyning som skal få DEG til å elske opera. Kanskje plukkar du opp nokre nye opera fun-facts, om du allereie er ein operanerd?
Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det) er ei humoristisk førestilling som tek for seg heile operahistoria på 60 minuttar. Med framsyninga ynskjer vi å vise at operaformen famnar mykje meir enn berre Carmen og O mio babbino caro, og at kunstformen opera på alle måtar framleis er høgaktuell.
Ved å framføre høgdepunkt frå heile operahistoria inviterar me publikum til å oppleve opera på sitt beste, i ei uformell og humoristisk ramme. Førestillinga tek publikum på ei reise frå Monteverdi på 1600-talet til kjende komponistar som Mozart, Verdi, Puccini, Wagner og dagsaktuelle Henning Sommero.
Operasjangeren vert vist frå si beste side, og utøvarane tek musikken på fullt alvor, sjølv om framsyninga er full av humor. Publikum vert leia av ei forteljarstemme som set det heile i eit historisk perspektiv, og med saumlause overgangar sys det heile saman med ein humoristisk tone. Sangarane delar på forteljarrolla undervegs, og med eit stramt tidsskjema vert mange av dei musikalske utdraga presentert i korte utdrag eller snuttar, medan andre høgdepunkt vert presentert i si heilheit.
Operahistorien på 60 minutter er regissert av Bjørn Sæter og skreddarsydd for det uerfarne publikum - sjølv om den også passer godt for dei meir operainteresserte. Med flotte kostymer og enkel scenografi vert operahistoria presentert på ein lettfatteleg måte, utan andre hjelpemiddel enn eit flygel. Det unike med akustisk operasang kan heldigvis også opplevast i eit kortare og meir tilgjengeleg format enn lange operaframsyningar med dyre billettar!
Opera lenge leve!
Om ensemblet:
Regissør: Bjørn Sæter
Pianist: Stefan Ibsen Zlatanos
Hanne Korsbrekke Askeland (sopran)
Sara Aasen (sopran)
Dagfinn Andersen (baryton)
Knut Kristian Mohn (tenor)
Bjørn Sæter er ein erfaren teaterregissør. Han har også regissert fleire musikalar, blant anna den kritikarroste Les Misérables ved Trøndelag Teater (2006), samt operaen Tryllefløyten for Opera Sør (2012). Stefan Ibsen Zlatanos har si utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Hans Eisler Hochschule für Musik Berlin.
Dei fire songarane har alle utdanning frå blant anna Operahøgskolen, og har brei erfaring innanfor musikk- og scenekunst.
Stad: Lærdal kulturhus
Dato og tid: Torsdag 6. mars 2025 kl. 18:00
Framsyningslengde: 1 time (ingen pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 200,-
Student / Under 18 år: kr 100,-
Vil du bestille billett med følgjekort, kan du kontakte Lærdal kulturhus på e-post: guro.nesse@laerdal.kommune.no
Foto: Erika Hebbert