page view image

Intimkonsert med Håkon Høgemo og Tom Karlsrud // VestaFolk-turné

Information
event image

Veletablert duo med stort vestlandsrepertoar!

Når Håkon Høgemo og Tom Karlsrud legg ut på VestaFolk-turné, er det med eit rikt materiale av lokale folkemusikktradisjonar frå Vestlandet på repertoaret; folkesongar, lydarslåttar og ulike former for dansemusikk dei har arrangert seg imellom. Høgemo og Karlsrud har spelt saman sidan 90-talet, og gav i 2016 ut plata Samdrag, med fokus på slåttespelet til dei eldre danseformene, som springar, gangar og halling. Gjennom det mangeårige samspelet har duoen utvikla ein eigen måte å spele desse slåttane på – der fela og trekkspelet saumlaust vekslar om å føre melodi og vere komp. 

 

Håkon Høgemo – hardingfele

Tom Karlsrud - trekkspel

 

Håkon Høgemo er førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskule der han underviser studentane i hardingfele. Han har sidan 1993 vore frilansmusikar og spelt i mange ulike grupper: «Utla», «Bufaste tonar», «Gamaltnymalt» og «Marylands». Han har to spelemannsprisar å sjå tilbake på i tillegg til at har vunne Landskappleiken på hardingfele to gonger.

 

Tom Karlsrud er distriktsmusikar i folkemusikkgruppa med Lærdal kommune som arbeidsgjevar. Han har vore frilansmusikar sidan 1984 og har i tillegg til samarbeidet med Håkon spelt med m.a. «Gjertruds sigøynerorkester», «Trio Lærdal», «Herr Malkom», «Bufaste tonar» og hatt ei lang rekke konsertar saman med klarinettist Georg M. Reiss.


Konserten er støtta av Norsk kulturråd og Lærdal kommune