Verdas bokdag i Lærdal kulturhus med Skinkeape // Lyse dagar i Lærdal
Torsdag 23. april er litt av eit kinderegg. Denne dagen markerar me både Verdas bokdag, Berekraftsveka og Lyse dagar i Lærdal – og me feirar alt dette med eit artig arrangement for heile familien i Lærdal kulturhus.
Torsdag 23. april er litt av eit kinderegg. Denne dagen markerar me både Verdas bokdag, Berekraftsveka og Lyse dagar i Lærdal – og me feirar alt dette med eit artig arrangement for heile familien i Lærdal kulturhus.
Møt Marianne Gretteberg Engedal – Skinkeape
Den prisbelønte illustratøren, forfattaren og kokken frå Dagali i Hallingdal kjem til Lærdal for å ta oss med inn i sitt varme, underfundige univers. Ho står bak dei populære bøkene om Pølsetjuven og den nyaste boka Fuglar du kan ha møtt, som begge har fått strålande kritikkar.
Til Lærdal kjem Marianne med boka «Fuglar du kan ha møtt».
Har du sett ein fin fugl og lurt på kva han heiter? Hender det at det landar fuglar på fuglebrettet du ikkje har sett før – og ønskjer du deg fleire fuglebesøk? Då må du komma på show!
Fuglar du kan ha møtt er stappfull av artige og nyttige fakta om fuglar du faktisk kan treffe på i nærleiken. Du får vite kva dei et, kvar dei held til og korleis du kan kjenne dei igjen.
Visste du til dømes at spettmeisa er den einaste fuglen i Noreg som kan gå nedover ei trestamme? Eller at fossekallen brukar vengene til å symje under vatn når han jaktar småfisk og krepsdyr? Under showet får du læra dette – og mykje meir – direkte frå Marianne sjølv.
Aktivitetar for heile familien
I tillegg til show og høgtlesing blir det aktivitetsbord i vestibylen med:
- 🧵 Perling av fuglar
- 🖍️ Teiknestasjon
- 🔍 Rebus for store og små
Ein perfekt ettermiddag for alle som likar bøker, fantasi, perling og natur!
Gratis og ope for alle, men ta ut billett for å sikra deg plass
Waiver
Med atterhald om endringar i programmet.